Midtausten-ekspert har lita tru på ny israelsk regjering: – Eit samansurium av parti

Den nye regjeringa i Israel kan knapt kallast ein koalisjon, og vil få til lite anna enn å avsetje Benjamin Netanyahu, meiner professor Hilde Henriksen Waage.
utenriks

– Det er eit samansurium av parti. Det er ytre venstre til ytre høgre, pluss palestinske islamistar, som eigentleg ikkje er samde om noko anna enn at dei er mot Netanyahu, seier Waage, historieprofessor ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Prio, til NTB.

– Det er eit litt absurd teater. Så fort koalisjonen snakkar om politikk, vil han sprekke som eit troll i sola, meiner ho.

Onsdag kunngjorde opposisjonsleiar Yair Lapid president Reuven Rivlin at det er grunnlag for å danne ei ny israelsk koalisjonsregjering.

Netanyahu har vore statsminister i Israel dei siste tolv åra. No er planen at Naftali Bennett, leiaren for det ultranasjonalistiske partiet Yamina, blir statsminister dei to neste åra, før Lapid overtek for ein ny periode på to år.

– Netanyahu vil kjempe til det siste

Dei åtte partia i koalisjonen held på 61 av 120 sete i nasjonalforsamlinga Knesset. Avstemminga i Knesset var i utgangspunktet tenkt halden 14. juni, men koalisjonen ønskjer no at det skjer allereie førstkommande måndag 7. juni, melder fleire medium i landet, ifølgje nyheitsbyrået DPA.

Grunnen skal vere forsøka til noverande statsminister Netanyahu på å få stansa prosessen.

– Netanyahu er ein veldig dyktig politikar og ein ringrev. Han er den lengstsitjande i Israel og skal ikkje undervurderast. Ein kan ikkje seie takk og farvel til han enno, meiner Waage.

Anders Persson, som forskar på Israel og Palestina ved Linnéuniversitetet i Småland, peikar på det same.

– Det føreset at alle medlemmene til koalisjonen i Knesset stemmer på dei. Det er ikkje sikkert. Netanyahu vil kjempe til det siste. Det står att å sjå om han har fleire ess i ermet, seier han til nyheitsbyrået TT.

– Politisk revolusjon

Dersom det lykkast Lapid å få regjeringa godkjend av Knesset, og dermed Netanyahu bort frå maktposisjonen, vil det vere snakk om ein politisk revolusjon, meiner Israel-ekspert Danny Raymond ved Ålborg Universitet.

– At vi enda her, må sjåast i lys av at det demokratiske systemet i Israel har vorte undergrave i to år, ein periode med fire val. Netanyahu har underminert det israelske rettssystemet og demokratiet for å halde seg sjølv ved makta, seier Raymond til nyheitsbyrået Ritzau.

Henriksen Waage peikar på det same. Ho meiner den nye koalisjonen ikkje er noko godt teikn for Israel som nasjon.

– Landet hadde eit godt politisk system og var ein fungerande velferdsstat med styringsdyktige regjeringar. No har vi hatt fire val og eit politisk kaos der hestehandel er det som best beskriv det politiske systemet, seier ho.

Waage trur, dersom Netanyahu ikkje klarer å stanse regjeringa, at det heile vil ende med ei ny regjering med partia på høgresida.

– Mest sannsynleg klarer dei å danne regjering. Då møter Netanyahu i retten, og det er sannsynleg at han blir dømd for korrupsjon. Skjer det, sprekkjer koalisjonen med éin gong. Då vil høgrepartia finne saman, meiner UiO-professoren.

Inga tru på løysing i konflikten med Palestina

Verken Waage eller Raymond trur regjeringa vil gi noka løysing i Israel/Palestina-konflikten, sjølv om koalisjonen mellom anna består av det israelsk-arabiske partiet Raam. Den kommande statsministeren Bennett har fleire gonger uttalte at han er stor motstandar av ein palestinsk stat, påpeikar Raymond.

– Det som er trist er at det israelske arbeidarpartiet, som styrte Israel lenge, har vorte skrota til ei lita sekt. Dei siste vala har vist den same klare tendensen om at heile det politiske Israel rykkjer til høgre, seier Waage, og legg til:

– Det finst ikkje noko reelt styringsdyktig alternativ til høgresida. Det lovar elendig for dei som måtte tru på ei tostatsløysing, fred og at svaret frå Israel skal bli noko anna enn å bombe Gaza.

(©NPK)