FN: Over 17.500 fordrivne i Burkina Faso den siste tida

Meir enn 17.500 menneske har vorte fordrive frå heimane sine på grunn av valdshandlingane i Burkina Faso dei siste ti dagane, opplyser FN.
utenriks

Minst 45 personar har vorte drepne i valden som har blussa opp i Burkina Faso den siste tida. Landet slit med væpna islamistgrupper.

Sidan 2015, då islamistgruppene toga inn i landet, har meir enn 1.300 vorte drepne og 1 million drivne på flukt.

FNs høgkommissær for flyktningar uttrykkjer stor uro over valden dei siste dagane. Meir enn 4.00 har flykta aust i landet, medan rundt 1.200 har flykta nordover i landet og 3.200 i Sahel-regionen.

– Desse menneska har eit kritisk behov for mat, husly, drikkevatn og medisinsk hjelp, åtvarar FN.

(©NPK)