USAs fødselsrate fall 4 prosent i fjor

USAs fødselsrate fall 4 prosent i fjor. Det er det største fallet på eitt år på nesten 50 år, og raten er den lågaste på over 100 år.
utenriks

Det var nedgang for alle grupper mødrer, frå alle etniske grupper og nesten alle aldrar, ifølgje ein rapport frå Centers for Disease Control and Prevention (CDC).

Fødselsraten har lenge vore på veg nedover blant yngre kvinner, som har utsett å få barn og har mindre familiar enn før.

Blant kvinner i slutten av 30-åra eller i 40-åra har han stige svakt, men ikkje i fjor.

Koronapandemien har utan tvil bidrege til den store nedgangen i fjor. Frykta for covid-19 og verknaden av viruset på økonomien har truleg fått mange par til å tenkje at det ikkje var ein god idé å få barn no.

Men mange av svangerskapa i 2020 starta lenge før pandemien i USA., og forskarane er i gang med ein oppfølgjar som skal gå djupare inn i materien.

Til saman vart det fødd 3,6 millionar barn i USA i 2020, ned frå 3,75 millionar året før. Då fødslar var på topp i 2007, vart det fødd 4,3 millionar barn.

Fødselsraten fall til 56 fødslar per 1.000 kvinner i fruktbar alder, det lågaste som er registrert. På 1960-talet var han dobbelt så høg.

USA var lenge eitt av svært få rike land der fruktbarheita sikra at kvar generasjon hadde nok barn til at befolkninga heldt fram med å vekse. For rundt ti år sidan var ho på 2,1 barn per kvinne, men ho er no nede på 1,6.

(©NPK)