Trump lanserer ny plattform

Dagen før Facebook avgjer om han får igjen kontoen sin, lanserte Donald Trump ei ny plattform der tilhengjarar kan kopiere meldingane hans til Facebook.
utenriks

Plattforma er teknisk sett ein blogg på nettsida hans som heiter «frå skrivebordet til Donald J Trump» der han kan vende seg til tilhengjarane sine etter at han vart stengd ute frå Facebook, Twitter og andre sosiale medium.

Men tilhengjarane av den tidlegare presidenten kan òg bruke plattforma til å reposte meldingane han legg ut, på Facebook og Twitter, sidan det er ei moglegheit for å dele korte postar i sosiale medium.

Det er likevel uklart om Facebook og Twitter vil tillate slik verksemd.

Kontoar blokkert

Trump fekk kontoane sine på Facebook, Instagram, Twitter og YouTube blokkert etter at hundrevis av tilhengjarane hans storma Kongressen i januar for å prøve å avbryte den formelle oppteljinga av valresultatet.

Trump hevdar framleis at valet vart stole frå han ved hjelp av omfattande fusk, og at det var han som eigentleg vann valet, ikkje Joe Biden.

Sidan utestenginga frå sosiale medium har Trump i stor grad forsvunne frå offentlegheita, og han har hatt vanskeleg for å nå ut. Han har måtta ty til utsegner som blir sende på e-post for å nå fram til tilhengjarane sine.

Facebook avgjer

Facebooks uavhengige kontrollorgan, Oversight Board, skal onsdag avgjere om han framleis skal vere avvist eller om kontoen hans kan gjenopnast.

Facebook oppretta sitt eige kontrollorgan etter vedvarande kritikk for å ha spreidd hatinnhald på plattformene sine.

Kontrollorganet består av juristar, journalistar og andre ekspertar frå heile verda, og vedtak der kan ikkje ankast.

Twitter seier nei

Twitter har allereie gjort det klart at det ikkje er nokon veg tilbake for Trump, medan YouTube seier at blokkeringa av kontoen hans kan opphevast når det ikkje lenger er fare for vald.

Ein av medarbeidarane hans, Jason Miller, sa i mars at Trump ville lansere ein ny sosiale medium-plattform. Tysdag sa han at den nye bloggen på nettsida ikkje er den nye plattforma som framleis blir planlagd.

På nettsida gjentek Trump dei falske påstandane om at han vann valet, og han angrip partifellar som har vore kritiske til han, som Mitt Romney og Liz Cheney.

Viktigaste kommunikasjonskanal

Medan han var president, var Twitter hans overlegent viktigaste kommunikasjonskanal, med 88 millionar følgjarar, og han starta gjerne tidleg om morgonen med seriar med Twitter-meldingar.

Etter å ha sett gjennom fingrane med Trumps eggjande retorikk i fleire år, vedtok både Facebook og Instagram å stengje han ute 7. januar, permanent eller minst gjennom resten av presidenttida hans, som det heitte.

Delte meiningar

Nokre analytikarar meiner at Facebook og andre sosiale medium burde ha reagert mot han mykje tidlegare etter i mange år å ha late han trasse reglar om hatefullt innhald fordi han var ein politisk leiar.

– Han brukte Facebook og andre plattformer til aktivt å spreie klart falske påstandar om valprosessen, noko som effektivt undergrov amerikansk demokrati, seier Samuel Wooley, professor ved University of Texas som er spesialist på internettpropaganda.

Andre uttrykte likevel bekymring, inkludert Tysklands statsminister Angela Merkel, som kalla blokkeringa problematisk. Det same har borgarrettsaktivistar gjort.


(©NPK)