Rapport: Taliban truar framgangen for kvinner

Dersom Taliban kjem tilbake til makta i Afghanistan, står alt som er oppnådd for kvinner i landet i fare, heiter det i ein amerikansk etterretningsrapport.
utenriks

Ifølgje rapporten som tysdag vart offentleggjord av USAs etterretningssjef DNI har ikkje Talibans synspunkt endra seg sidan dei sat med makta mellom 1996 og den amerikanske intervensjonen i 2001.

På den tida nekta Taliban kvinner både å studere og å arbeide, i tråd med det fundamentalistiske synet på religion.

Det er stor frykt for at Taliban kjem tilbake med full styrke når USAs og Nato styrkar blir trekt ut av landet i år.

«Taliban beheld i stor grad si avgrensande tilnærming til rettar for kvinner og vil rulle tilbake mykje av framgangen dei to siste tiåra om dei igjen kjem til makta», heiter det.

I rapporten står det at det har vore lite endring i Talibans leiing, at dei er ubøyelege i forhandlingar og at det er strenge sosiale avgrensingar i dei områda der dei allereie har kontroll.

Enkelte Taliban-leiarar har ytra offentleg støtte til kvinnerettar, men berre innanfor Talibans fundamentalistiske tolking av sharia eller islam, seier rapporten.

Forfattarane av rapporten meiner at det einaste håpet om å moderere Taliban ligg i om etniske minoritetar har evna til å sørgje for lokale variasjonar, eller i teknologisk utvikling, til dømes gjennom at verda har opna seg for mange afghanarar gjennom mobiltelefonar.

Ifølgje rapporten er framgangen dei siste 20 åra skjør og ubalansert og sterkt avhengig av utanlandsk press.

Slikt utanlandsk press kan framleis vere viktig, og i kombinasjon med Talibans ønske om utanlandsk bistand og legitimitet kan det bidra til å moderere dei.


(©NPK)