Høgresida sigrar i Madrid

Konservative PP vann som venta regionalvalet i Madrid, men må støtte seg på Vox frå ytre høgre. Podemos-leiar Pablo Iglesias trekker seg etter nederlaget.
utenriks

Då nesten alle stemmene var talde tysdag kveld, så det ut til at PP ville få 65 av representantane i den regionale forsamlinga, ei dobling av resultatet frå førre val. PP har fått 44 prosent av stemmene, mot 22 prosent i 2019.

Sosialistpartiet PSOE til statsminister Pedro Sánchez får 24 representantar etter å ha tapt 13. Dei tre partia på venstresida fekk til saman 41 prosent av stemmene og 58 representantar.

Til tilhengjarane utanfor partilokala kalla Diaz Ayuso resultatet ei støtte til politikken hennar med å halde barar og restaurantar opne trass i pandemien, og ei avvising av venstreregjeringa til Sánchez og Iglesias.

PPs store framgang kjem i stor grad av at den noverande koalisjonspartnaren, sentrumspartiet Ciudadanos, kollapsa og fall heilt ut av regionalforsamlinga. Hittil har dei hatt 26 representantar.

Treng støtte frå yte høgre

Til saman er det 136 sete i forsamlinga, og PPs Madrid-leiar Isabel Diaz Ayuso må dermed truleg søkje støtte hos ytre høgrepartiet Vox, som held stillinga og aukar frå tolv til 13 representantar.

Dermed vil Díaz Ayuso høgst sannsynleg få behalde makta som leiar for ein allianse med ytre høgre i staden for sentrum-høgrekoalisjonen ho har hatt hittil.

Ho seier sjølv at det ikkje vil vere verdens ende.

Ayuso har det siste året markert seg som ein kompromisslaus motstandar av dei strenge koronatiltaka innført av den spanske regjeringa, sjølv om smittetrykket er klart høgare i Madrid enn resten av landet.

Iglesias trekker seg

Valet er eit stort nederlag ikkje berre for PSOE, men også for koalisjonspartnaren, venstrepartiet Podemos, og leiaren av partiet, Pablo Iglesias, kunngjorde allereie valkvelden at han trekker seg som partileiar, sju år etter at han entra scena med det nye partiet sitt.

Rett nok auka Podemos oppslutninga og fekk ti representantar mot sju sist, men ambisjonane var langt større. For sju veker sidan gjekk Iglesias av som visestatsminister for å stille som kandidaten til partiet i Madrid.

Iglesias gjorde faren for at ytre høgrepartiet Vox skulle komme til makta, til det sentrale temaet i Podemos' valkamp, men det vann ikkje gjenklang blant veljarane.

– Når ein ikkje lenger gjer nytte, skal ein vite når ein skal trekke seg, sa Iglesias etter nederlaget og utpeika Yolanda Diaz til etterfølgjaren sin. Ho er arbeidsminister og tok over som visestatsminister då Iglesias trekte seg frå regjeringa.

Det nye regionale venstrepartiet Mas Madrid sikra seg 24 representantar, opp frå 20, men venstresidas samla 58 var langt frå nok.

Heldt byen open

Ayuso, som er ei stigande stjerne i det konservative PP, nyt stor folkeleg støtte for politikken med å halde byen open gjennom pandemien. Trass i det høge talet på smitta og døde har ho systematisk motsett seg alle oppmodingar om å stramme inn.

Nesten ein femdel av Spanias totaltal på døde frå korona er i Madrid-regionen – 15.000 av totalt 78.000.

Madrid er den einaste større hovudstaden i Europa der barar, restaurantar og teater har vore opne sidan den nasjonale nedstenginga var over i juni i fjor, og blant barar- og restauranteigarane i byen er ho ein helt.

Med valkampropet «Fridom» fokuserte ho på folks behov for normalitet midt i pandemien.

– Å ta seg ein øl er viktig. Etter ein dårleg dag løftar det sinnet, sa ho.

Trass i det høge smittenivået strøymde veljarane til urnene. Ein time før vallokala stengde, hadde 69 prosent levert stemme, opp frå 59 prosent sist.



(©NPK)