Derek Chauvin ber om ny rettssak

Politimannen som er dømd for drapet på George Floyd, Derek Chauvin, ber om ny rettssak på grunn av feil både hos juryen og påtalemakta.
utenriks

Chauvins advokat Eric Nelson meiner at klienten hans ikkje fekk ei rettferdig rettssak på grunn av all mediemerksemda, feil hos både jury og påtalemakt og «rasebasert press» på juryen.

Den 45 år gamle tidlegare politimannen, som heldt kneet sitt mot Floyds nakke i over ni minutt, risikerer 40 års fengsel etter at han vart funnen skuldig i forsettleg drap førre månad.

Nelson meiner at mediemerksemda rundt saka var så intens og fordomsfull både før og under rettssaka at det må kallast ein strukturell defekt i rettsprosessen.

Tvil er òg oppstått om eitt av jurymedlemmene var upartisk etter at det er dukka opp eit bilete av han frå i fjor på ein demonstrasjon mot rasisme.

To ekspertar på juryar, Jeffrey Frederick og Steve Tuller, seier at terskelen er svært høg for å fastslå at ei rettssak ikkje gjekk rett for seg slik at det blir ei ny sak.

(©NPK)