Den indiske sentralbanken gir koronalån for å handtere krisa

Den indiske sentralbanken skriv ut billige lån på 56 milliardar til vaksineprodusentar, sjukehus og andre deler av helsesektoren for å slå tilbake korona.
utenriks

Billige lån med ei total ramme på 6,7 milliardar dollar skal vere tilgjengeleg til 31. mars neste år, opplyste sentralbanksjef Shaktikanta Das onsdag.

Han varsla òg at sentralbanken kan komme til å setje i verk ukonvensjonelle tiltak dersom krisa blir forverra.

India har passert 20 millionar påviste smittetilfelle sidan pandemien braut ut i fjor og over 220.000 koronarelaterte dødsfall.

(©NPK)