Pfizer forventar å selje vaksinar for 26 milliardar dollar i år

Legemiddelgiganten Pfizer reknar med å selje covid-19-vaksinar for 26 milliardar dollar i år, ei kraftig oppjustering frå tidlegare prognosar på 15 milliardar.
utenriks

Den nye prognosen, som svarer til sal for rundt 216 milliardar kroner, er basert på avtalar som er inngåtte med styresmakter verda over om vaksineleveransar. Selskapet har som mål å levere 1,6 milliardar dosar av vaksinen, som er utvikla i samarbeid med tyske Biontech.

Tala kjem fram i kvartalsrapporten frå selskapet, som vart presentert tysdag.

(©NPK)