Legemiddelbyrået i EU startar vurdering av den kinesiske covid-19-vaksinen frå Sinovac

EUs legemiddelbyrå (EMA) har sett i gang ei løpande vurdering av den kinesiske covid-19-vaksinen frå Sinovac.
utenriks

Avgjerda om å starte den løpande vurderinga er teken på grunnlag av førebelse resultat frå laboratorietestar og kliniske studiar, opplyser EMA.

Studiane antydar ifølgje byrået at vaksinen utløyser produksjon av antistoff mot koronaviruset og kan verne mot covid-19.

(©NPK)