Frankrike sel kampfly og rakettar til Egypt

Frankrike sel kampfly og rakettar for 40 milliardar kroner til Egypt, som skal nedbetale kontraktane over ti år.
utenriks

Salet vart kjent via Disclose, eit nettverk av gravejournalistar, og den egyptiske forsvarsleiinga stadfestar no at kontrakten inkluderer 30 franske Rafale-jagarfly.

Rafale-flya blir produserte av den franske våpenprodusenten Dassault Aviation, som tidlegare har selt 24 fly av same type til Egypt. Det skjedde i 2015, to år etter at forsvarssjefen i Egypt, Abdel Fattah al-Sisi, greip makta i eit militærkupp.

Salet av kampfly er ein av tre store forsvarskontraktar som ifølgje Disclose vart underteikna med Egypt 26. april. Den samla verdien av kontraktane er 40 milliardar kroner.

Dei to andre kontraktane skal vere inngåtte med MBDA og Safran Electronics, som begge lagar utstyr til rakettar.

Stor våpenimportør

Egypt er no den tredje største våpenimportøren i verda, berre forbigått av Saudi-Arabia og India, ifølgje Stockholm International Peace Research Institute (Sipri).

Våpenimporten har auka med 136 prosent det siste tiåret, og regimet til Sisi har kjøpt både frå USA, Frankrike, Tyskland og Russland, ifølgje Sipri.

Ingen vilkår

Den franske presidenten Emmanuel Macron har eit godt forhold til den tidlegare kuppmakaren, noko han understreka då dei to sist møttest i desember.

– Eg kjem ikkje til å stille vilkår knytt til forsvarssamarbeid og økonomisk samarbeid på grunn av avvik, sa Macron med tilvising til kritikken som blir retta mot Sisi for omfattande brot på menneskerettane i Egypt.

Styrta presidenten

Den politiske fløya til Det muslimske brorskapet, Fridoms- og rettferdspartiet, vann i 2012 det første demokratiske valet i Egypt.

Kandidaten til Brorskapet, Mohamed Mursi, overtok som president, men vart styrta av dei militære under leiing av Abdel Fattah al-Sisi eit knapt år etter.

Omfattande brot

Det muslimske brorskapet er sidan blitt forbode, og titusenvis av opposisjonelle, både sekulære og islamistar, er fengsla. Mange er dømde til døden. Dødsdomen til Mursi vart oppheva i 2016, men tre år seinare døydde han under eit rettsmøte.

Sisi vart vald til president i 2014 i eit nyval som opposisjonen boikotta, og fire år seinare vart han attvald etter å ha sett alle motkandidatar ut av spel.

Amnesty International og Human Rights Watch har i gjentekne rapportar skulda Sisi-regimet for omfattande brot på menneskerettane.

(©NPK)