Dansk smykkeprodusent droppar naturdiamantar

Den danske smykkeprodusenten Pandora vil ikkje lenger bruke diamantar som er henta i gruver, men satsar heller på syntetiske alternativ.
utenriks

Etiske omsyn ligg bak avgjerda. Utvinninga av diamantar har i lang tid vore i søkjelyset for brot på menneskerettane. Samtidig har produksjonen av syntetiske diamantar gjort store framsteg.

Pandora lanserte ein kolleksjon med slike diamantar tysdag, og selskapet seier dei syntetiske har dei same eigenskapane som diamantar danna av geologiske prosessar, men med den fordelen at dei kostar mindre.

– Diamantar varer ikkje berre evig, men er for alle, seier Pandora-sjef Alexander Lacik i ei fråsegn. Kolleksjonen blir først lansert i Storbritannia før han skal ut på verdsmarknaden i 2022.

Pandora vart starta i København i 1982, men har seinare vorte eit multinasjonalt selskap med 27.000 tilsette. Omkring halvparten av dei held til i Thailand, der smykka blir laga. Selskapet sel rundt 250.000 smykke kvar dag.

Diamantar er berre ein liten del av produktporteføljen til Pandora, men den nye diamantprofilen til selskapet blir sett som del av ein trend der smykkeprodusentane er meir merksame på forholda smykka blir laga under. Diamantar produserte i laboratorium blir rekna som betre i eit menneskerettsperspektiv, men krev mykje energi å lage.

Ifølgje Pandora har kolleksjonen som no blir lansert, vorte produsert med rundt 60 prosent fornybar energi, ein andel som selskapet seier skal auke til 100 prosent neste år.

(©NPK)