43 nye koronadødsfall i Sverige

Det er registrert 43 koronarelaterte dødsfall i Sverige sidan fredag. I Danmark er det registrert eitt dødsfall siste døgn.
utenriks

Så langt har pandemien kravd 14.091 liv i Sverige. Det er påvist 988.554 smittetilfelle, 14.950 av dei over helga, viser tal frå Folkhälsomyndigheten.

I Danmark er det registrert 809 smittetilfelle det siste døgnet. Ifølgje Statens Serum Institut har pandemien kosta 2.491 menneske livet, og det er registrert til saman 254.482 smittetilfelle.

163 covid-19-pasientar er no innlagt på danske sjukehus. 43 av dei ligg på intensivavdeling, 22 med respirator.

(©NPK)