Klart for rettsstrid som kan velte mjølkekua til Apple

Apple står overfor ein av dei største truslane mot jerngrepet det har over appbutikken sin når rettssaka mot Fortnite-utviklaren Epic Games startar.
utenriks

Det er venta at rettssaka som startar måndag, vil vare ut mai. Ei avgjerd er venta i juni.

Apple tener fleire milliardar dollar kvart år på butikken som fôrar meir enn 1,6 milliardar iPhonar, iPadar og andre einingar med innhald.

Selskapet kontrollerer kven som slepp inn, og stikk av med 15 til 30 prosent av alle kjøp som blir gjorde i appen. Det inkluderer abonnementstenester.

– Monopolverksemd

Det har fått Epic Games, utviklaren av det populære skytespelet Fortnite, til å ta Apple til retten. Fortnite er sjølv kjent for ein eigen butikk i spelet, der spelarar i tillegg til ei abonnementsteneste kan kjøpe innhald.

Apple avviser skuldingane frå Epic Games om at appbutikken er vorte til ei monopolverksemd. Strategien med full kontroll over appbutikken var sentral då Apple tok over mobilmarknaden i 2007.

Det har vorte kalla ein strategisk genistrek av den avdøde stiftaren av selskapet, Steve Jobs, og har gjort at Apple no er eitt av det mest verdifulle selskapet i verda, med ein marknadsverdi på over 2.200 milliardar kroner.

Epic Games blir ein småfisk til samanlikning, med ein verdi på 250 milliardar kroner. Selskapet vil opprette ein eigen appbutikk i operativsystemet til Apple.

Toppsjefane vitnar

Selskapet seier det betalte fleire hundre millionar dollar til Apple før Fortnite vart kasta ut av Apple-systemet i august i fjor, etter at Epic endra betalingsløysinga så Apple ikkje lenger fekk sin del.

Det er venta at rettssaka som startar måndag vil kaste nytt lys over korleis Apple styrer appbutikken. Både toppsjef Tim Cook i Apple og Tim Sweeny i Epic Games vil vitne i det føderale rettshuset i Oakland.

Det er varsla strenge smitteverntiltak under rettssaka, og det er munnbindpåbod.

Verken Apple eller Epic Games ønskte at ein jury skulle avgjere saka, så det blir opp til dommar Yvonne Gonzalez Rogers. Avgjerda hennar vil truleg bli anka vidare i rettsvesenet uavhengig av utfall.

Tolking av marknadsreglar

Bevisføringa vil i stor grad handle om korleis ulike marknadsreguleringar skal tolkast. Epic Games hevdar at Apples produkt er så integrert i samfunnet at jerngrepet om økosystemet er ei monopolverksemd Apple brukar til å skaffe seg urettelege inntekter og knuse konkurranse.

Apple hevdar derimot at selskapet er i hissig konkurranse med fleire aktørar, og påpeikar at det er rundt 2 milliardar smarttelefonar der ute som køyrer andre operativsystem. Epic Games har òg gått til sak mot Google, som står bak operativsystemet Android.

Det er venta at Apple vil omtale Epic Games som eit desperat selskap, som jagar nye inntektskjelder i takt med at interessa for Fortnite søkk.

Gratispassasjer

Selskapet meiner Epic Games vil vere gratispassasjer i eit system Apple har brukt 100 milliardar dollar på å utvikle dei siste 15 åra.

Anslaga over inntektene Apple har frå appbutikken varierer mellom 15 og 18 milliardar dollar i året. Apple går ikkje god for tala og påpeikar at selskapet ikkje tener noko som helst på 85 prosent av appane i butikken.

Inntektene er derimot ei rimeleg betaling for at Apple investerer i å skape ein sikker appbutikk, meiner selskapet.

Epic Games meiner tryggingsargumentet er eit dekke for den eigentlege motivasjonen, som dei meiner er å skape eit utbyterikt monopol.

(©NPK)