Ukrainas utanriksminister møter Stoltenberg

Ukrainas utanriksminister Dmytro Kuleba besøkjer tysdag Brussel og møter Nato generalsekretær Jens Stoltenberg og USAs utanriksminister Antony Blinken.
utenriks

Ukraina skuldar Russland for storstilt styrkeoppbygging ved grensa og på Krimhalvøya, samtidig med at russisk-støtta separatistar har trappa opp aktiviteten sin i Aust-Ukraina.

Stoltenberg, som førre veke diskuterte utviklinga med Ukrainas statsminister Volodymyr Zelenskyj, understrekar at landet har Natos fulle støtte.

– Nato sluttar heilt og fullt opp om Ukrainas suverenitet og territoriale integritet, tvitra Stoltenberg etter samtalen med Zelenskyj.

Ukraina ønskjer medlemskap i Nato, men forsvarsalliansen har hittil ikkje ønskt å skunde på dette.

(©NPK)