25 kinesiske kampfly inn i Taiwans kontrollsone

Totalt 25 kinesiske bombe- og jagarfly flaug måndag inn i Taiwans kontrollsone, ifølgje styresmaktene i Taipei.
utenriks

Taiwanske styresmakter sende eigne fly på vengene for å avskjere og følgje dei kinesiske flya. Det er den tiande dagen på rad denne månaden at kinesiske fly tek seg inn i kontrollsona.

Kontrollsona, ein såkalla air defense identification zone (ADIZ), er området der taiwanske styresmakter identifiserer og kontrollerer lufttrafikken av omsyn til nasjonal tryggleik.

Den kinesiske aktiviteten på måndag i området er den største på eit år, og kjem etter at USAs utanriksminister Antony Blinken søndag åtvara Kina mot å prøve å endre dagens situasjon omkring Taiwan.

– Det vi har sett, og som er ei verkeleg bekymring for oss, er dei stadig meir aggressive handlingane den kinesiske regjeringa rettar mot Taiwan, noko som aukar spenninga i Taiwansundet, sa han til NBC.

Han ville ikkje svare på om USA vil svare militært på eventuelle kinesiske aksjonar mot Taiwan.

Det taiwanske luftforsvaret har ein aldrande flypark og har dei siste åra hatt ei rekkje ulykker med dødeleg utfall. I fjor gjekk kinesiske flyg inn i kontrollsona til landet 380 gonger, ifølgje styresmaktene i Taipei.

(©NPK)