Syria melder om israelske luftangrep mot Damaskus

Det syriske luftforsvaret har skote ned rakettar frå det som blir sagt å vere eit israelsk angrep mot Damaskus, melder det statlege syriske nyheitsbyrået Sana.
utenriks

Like før klokka 1 natt til torsdag vart det skote rakettar mot Damaskus, og dei fleste av dei vart skotne ned, opplyser militære kjelder til Sana.

Fire soldatar skal ha vorte såra i angrepet, som også førte til materielle skadar. Syrian Observatory for Human Rights seier luftangrepet var retta mot militære stillingar nær Damaskus og at eit våpenlager tilhøyrande Iran vart øydelagt.

Sidan utbrotet av borgarkrigen i 2011 har Israel regelmessig utført angrep i Syria, i hovudsak retta mot libanesiske og Iran-støtta Hizbollah og syriske styrkar.

Israel stadfestar sjeldan slike angrep, men det israelske forsvaret har opplyst at det i fjor vart utført om lag 50 angrep i Syria.

(©NPK)