Regjeringa i Sverige foreslår ny innvandringslov

Den svenske regjeringa vil vidareføre fleire innstrammingar i innvandringspolitikken som vart innført mellombels i 2016.
utenriks

Eit forslag til ny innvandringslov vart lagt fram torsdag. Eit viktig punkt er at det i første omgang berre skal bli gitt mellombels opphald til flyktningar som blir innvilga asyl.

Dette er i tråd med det som har vore hovudpraksisen sidan 2016. Men dei mellombels opphaldsløyva skulle i utgangspunktet vere ei mellombels ordning i etterkant av den såkalla migrantkrisa.

Stiller krav

Etter tre år kan flyktningane søkje om permanent opphaldsløyve. I samsvar med lovforslaget må dei likevel oppfylle krav om svenskkunnskapar, evne til å forsørgje seg sjølv og kunnskap om det svenske samfunnet. Rullebladet til søkjaren vil òg bli sjekka.

– Utlendingslova vil sikre at vi ligg på linje med andre EU-land, seier justisminister Morgan Johansson frå Socialdemokraterna.

Han meiner òg at lova vil bidra til at Sverige ikkje igjen hamnar i same situasjon som i 2015. Då tok landet imot 160.000 asylsøkjarar, delvis som følgje av liberal innvandringspolitikk. Talet var det høgaste per innbyggjar av alle EU-landa.

– Amnesti

Det nye lovforslaget har fått kritikk frå parti både på høgre- og venstresida. Både Moderaterna og høgrepopulistiske Sverigedemokraterna meiner forslaget i praksis gir amnesti til mange unge einslege asylsøkjarar med avslag på søknadene.

Morgan Johansson trur likevel at forslaget vil få fleirtal i Riksdagen.

– Det er avbalansert, langsiktig haldbart og kjem etter vurderinga mi til å gå gjennom i Riksdagen, seier justisministeren.

(©NPK)