Mike Pompeo blir Fox-kommentator

USAs tidlegare utanriksminister Mike Pompeo byrjar som kommentator i Fox News Media.
utenriks

Det opplyser mediegiganten torsdag. Allereie fredag skal Pompeo komme med dei første kommentarane og politiske analysane sine framfor kamera, skriv Reuters.

Pompeo sluttar seg dermed til rekkja av tidlegare tilsette i Trump-administrasjonen som no er tilknytt Fox News Media. Han blir kollega med mellom anna tidlegare pressetalskvinne Kayleigh McEnany og Trumps økonomiske rådgivar Larry Kudlow.

(©NPK)