Israel vil ikkje samarbeide med straffedomstol

Regjeringa i Israel vil ikkje samarbeide med Den internasjonale straffedomstolen (ICC), som skal etterforske moglege krigslovbrot i dei palestinske områda.
utenriks

I ei fråsegn seier regjeringa at dei vil informere Haag-domstolen om at han ikkje har myndigheit til å starte etterforsking av Israel.

Dei palestinske sjølvstyrestyresmaktene på Vestbreidda har på si side gjort det klart at dei vil samarbeide med domstolen.

Påtaleansvarleg Fatou Bensouda ved ICC kunngjorde etterforskinga i byrjinga av mars. Hovudfokuset vil vere Gaza-konflikten i 2014, men domstolen ønskjer òg å undersøkje dødsfall blant palestinske demonstrantar frå 2018 og framover.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu svarte med å skulde den internasjonale domstolen for jødehat. Han har fleire gonger nekta for at Israel har stått bak krigslovbrot.

ICC har allereie gjennomført ei fem år lang førebels gransking av situasjonen i dei palestinske områda. Bensouda meiner det er grunn til å tru at både den israelske hæren, islamistrørsla Hamas og andre væpna palestinske grupper har gjort seg skuldige i krigslovbrot.

(©NPK)