G20-ministrar lovar meir pengar til IMF

Finansministrane i G20 vil auke støtta til Det internasjonale pengefondet (IMF) med 650 milliardar dollar for å hjelpe fattige land som slit med pandemien.
utenriks

I ein felles uttale frå G20-landa heiter det at tilskotet skal gi auka hjelp til dei fattigaste av dei koronaramma landa.

Forslaget fekk momentum etter at president Joe Bidens regjering stilte seg bak det tidlegare i år. Det krev framleis godkjenning i IMFs styre og deretter tilskot frå medlemslanda.

Finansministrane diskutere onsdag vegen ut av koronakrisa i eit videomøte. Dei vart òg samde om ei seks månader lang utsetjing av tilbakebetalinga av gjeld frå dei 73 fattigaste landa i verda. Det er ei vidareføring av betalingsutsetjinga som vart innført i fjor, og den gjeld no ut året.

Samtidig gav landa òg støtte til forslaget frå Biden-regjeringa om ein global minstesats for selskapsskatt for å unngå at amerikanske selskap flyttar verksemd til andre land med lågare skatt.

Forslaget om ein internasjonal minstesats blir òg støtta av EU, Tyskland, Frankrike og IMF, og G20 seier medlemslanda håpar å einast om dette første halvår.

Det internasjonale pengefondet meiner auka skatt for selskap og rike personar kan bidra til å finansiere tiltak for å sikre økonomisk vekst etter koronakrisa.

(©NPK)