FN ber alle land slutte seg til forbod mot landminer

FNs generalsekretær António Guterres oppmodar alle land som enno ikkje har underteikna avtalen om landmineforbod, om å gjere det.
utenriks

Den internasjonale avtalen om forbod mot antipersonellminer tredde i kraft i 1999 og forbyr innkjøp, produksjon, lagring og bruk av desse våpena.

Torsdag var temaet opp til debatt i FNs tryggingsråd.

– Over 160 statar har slutta seg til forboda mot antipersonellminer, og eg ber dei som enno ikkje har gjort det, om å gjere det med ein gong, sa Guterres.

Blant landa som enno ikkje har underteikna avtalen, er USA, Kina, Russland, India, Iran, Israel, Myanmar, Nord-Korea og Vietnam.

– Møte i Tryggingsrådet er viktig fordi miner framleis er ei livsfarleg landeplage i store delar av verda, seier statssekretær Jens Frølich Holte (H) i Utanriksdepartementet til NTB.

Han påpeikar at sjølv om ein har fått på plass internasjonale avtaler mot miner, går utviklinga i feil retning.

– Noreg kom i dag med ei klar og tydeleg oppmoding om at fleire land må ratifisere minekonvensjonen og klasevåpenkonvensjonen. Dette er effektive internasjonale avtalar som bidreg til nedrusting fordi landa som har underteikna dei, har vore brukarar av desse våpena. Ei av dei største utfordringane er no at ikkje-statlege aktørar, som terrorgrupper, legg ut improviserte eksplosiv, seier Holte.

(©NPK)