Ekspert: George Floyd døydde av oksygenmangel

George Floyd døydde av oksygenmangel som førte til organsvikt, sa ein lungespesialist som forklarte seg i rettssaka mot politimannen Derek Chauvin i USA.
utenriks

Martin Tobin er lunge- og akuttspesialist ved Edward Hines Jr. Hospital og var innkalla som vitnet frå aktoratet.

I forklaringa si torsdag sa han at presset frå Chauvins kne mot halsen til Floyd gjorde at Floyd ikkje fekk i seg tilstrekkeleg med oksygen. Det førte igjen til skadar på hjernen og etterfølgjande hjartestans, ifølgje Tobin.

Lungespesialisten har rekna ut at presset frå Chauvins kne til tider svarte til eit trykk på om lag 41,5 kilo mot halsen til afroamerikanske Floyd.

– Han vart pressa ned mot asfalten, og det hindra brystkassa i å utvide seg, forklarte Tobin.

– Kan du snakke, kan du puste

Aktor Jerry Blackwell påpeika at Floyd fleire gonger ropte at han ikkje fekk puste, og at ein av politibetjentane då ifølgje videoopptaka sa at «kan du snakke, så kan du puste».

Blackwell spurde Tobin korleis han vurderte det og om det er tilfelle.

– Så klart, i den augneblinken du snakkar, så pustar du. Men det betyr ikkje at du kjem til å puste fem sekund seinare, svarte Tobin.

Forsvaret peikar på rusproblem

Derek Chauvins forsvararar har argumentert for at Floyd døydde som følgje av rusproblem og at han hadde ein hjartefeil.

Den tidlegare politimannen er tiltalt for forsettleg og ulike grader av aktlaust drap på Floyd 25. mai i fjor. Chauvin nektar straffskuld.

(©NPK)