I ein tale torsdag skildra han valdshandlingar utført med skytevåpen som ein epidemi og ei helsekrise.
– Vi er fast bestemde på å gjere endringar, understreka han.
Eitt av dei foreslåtte tiltaka er å stramme inn reguleringane av heimebygde skytevåpen som i USA blir kalla «spøkelsesvåpen». Slike våpen manglar ofte serienummer og er derfor vanskelege å spore.
I tillegg ønskjer Biden-regjeringa strengare reglar for ekstrautstyr for å halde pistolar meir stabile.
Presidenten tok òg til orde for eit forbod mot visse typar halvautomatiske våpen omtalt som assault weapons. Dette er rifler som ofte er bygde for å likne på militære automatvåpen.
(©NPK)