Reaksjonar i Brussel etter at EU-topp ikkje fekk nokon stol hos Erdogan

Medan Charles Michel fekk eigen stol, måtte Ursula von der Leyen sitje ytst på ein sofa då EU-toppane besøkte Tyrkia. «Sofagate» er no ein snakkis i Brussel.
utenriks

Verten, Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan, og EU-president Michel fekk sitje på kvar sin stol føre dei respektive flagga sine. Men det var ikkje sett fram stol til von der Leyen, som leier EU-kommisjonen og også har presidenttittel.

– Ehm, var kommentaren frå von der Leyen, som verka noko sett ut av situasjonen og måtte ta til takke med ein plass litt unna dei andre to, ytst på ein sofa. Overfor henne sat Tyrkias utanriksminister, som ifølgje protokollen har lågare rang enn gjesten frå Brussel.

– Skammeleg

Det som verkar som ei fornærming mot den første kvinna som har hatt ein av dei tre øvste posisjonane i EU-hierarkiet, har fått fleire i Brussel til å reagere.

– Først trekkjer dei seg frå Istanbul-konvensjonen mot familievald og vald mot kvinner, og så lèt dei leiaren for EU-kommisjonen stå utan ein stol på eit offisielt besøk. Skammeleg, skriv Iratxe Garcia Perez på Twitter. Den spanske EU-parlamentarikaren merkar meldinga med emneknaggen #WomensRights – kvinners rettar.

Tyske Sergey Lagodinsky foreslår at von der Leyens «Ehm» er ein kortversjon av «det er ikkje sånn forholdet mellom EU og Tyrkia skal vere».

Charles Michel får òg kritikk. Den nederlandske EU-parlamentarikaren Sophie in 't Veld lurer på kvifor EU-presidenten ikkje sa noko då den kvinnelege kollegaen hans ikkje fekk nokon stol.

– Feil signal

Det hjelper heller ikkje at det heile skjedde på ein tur der EU-toppane ønskjer å betre det anstrengde forholdet til Tyrkia. Eitt av temaa var nettopp at landet har trekt seg frå Istanbul-konvensjonen.

– Det gjer meg svært bekymra. Her handlar det om å verne kvinner og barn, og dette er heilt feil signal å sende, sa von der Leyen etter møtet og understreka at «saker som gjeld menneskerettane er ikkje opne for forhandlingar».

(©NPK)