AstraZeneca-vaksinen er trygg og effektiv, ifølgje amerikansk studie

AstraZeneca-vaksinen er trygg og effektiv, ifølgje ein omfattande amerikansk studie.
utenriks

Over 32.000 personar har delteke i studien, hovudsakleg i USA, men også i Chile og Peru, skriv BBC.

Studien viser at vaksinen har 79 prosent effektivitet mot å utvikle symptomatisk sjukdomsforløp, og 100 prosent effektivitet mot alvorleg sjukdom, skriv selskapet i ei pressemelding.

Trygg

AstraZeneca-vaksinen har vore omdiskutert som følgje av uvisse om han kan auke risikoen for alvorlege tilfelle av blodpropp. Fleire europeiske land, mellom anna Noreg og Danmark, sette bruken av vaksinen på vent medan ei mogleg kopling vart greidd ut.

I pressemeldinga står det at det uavhengige forskingspanelet DSMB fann «ingen tryggleiksproblem knytt til vaksinen».

Også EUs legemiddeltilsyn (EMA) og Verdshelseorganisasjonen (WHO) har tidlegare understreka at vaksinen er trygg å bruke.

Vern hos eldre

Det har òg vore uklarleik knytt til om AstraZeneca-vaksinen gir like godt vern hos personar over 65.

Funna frå den nye studien, der rundt 20 prosent av deltakarane var over 65 år, gir ingen indikasjonar på at vaksinen gir dårlegare vern hos eldre personar.

– Analysen stadfestar covid-19-vaksinen til AstraZeneca som ei høgst naudsynt vaksinemoglegheit, og han gir grunn til å ha tillit til at vaksne i alle aldrar vil tene på vern mot viruset, seier medisinprofessor Ann Falsey ved Rochester-universitetet, som er ein av dei leiande forskarane i studien.

(©NPK)