Valtaparen Trump blir hylla av sine eigne

Med Donald Trump som president, tapte republikanarane Det kvite hus og fleirtalet i Senatet. Denne helga blir han likevel hylla av høgresida i partiet.
utenriks

American Conservative Union (ACU) er i gang med den årvisse CPAC-konferansen sin, og klokka 21.40 norsk tid søndag gjer Donald Trump politisk comeback.

To riksrettstiltalar og valnederlaget til trass, hos CPACs deltakarar vil Trump utvilsamt bli hylla når han legg ut om eigen innsats og planar for framtida.

Om 74-åringen òg går så langt som til å lansere seg sjølv som presidentkandidaten til republikanarane i 2024, blir det derimot knytt ei viss spenning til.

Velinformerte kjelder meiner at han ikkje kjem til å gjere dette, men antyde at han er villig til å stille dersom medlemmene av partiet ønskjer det.

Støtter Trump

Det herskar liten tvil om at Trump har mange tilhengjarar i Det republikanske partiet, ikkje berre på høgresida. Heile 72 prosent av dei spurde i ei meiningsmåling gjort av Suffolk University for USA Today nyleg, sa at dei vil støtte kandidaturet til Trump dersom han vel å stille.

Nokon openberr rival har han heller ikkje førebels, sidan eventuelle utfordrarar veit at dei førebels er sjanselause mot ein mann som Trump.

– President Trump er Leiaren til det republikanske partiet, slo kongressmannen Jim Jordan fast tidlegare i veka.

Tre av fire republikanarar er langt på veg samde, viste ei Quinnipiac-måling 15. februar.

Deltek ikkje

Tidlegare visepresident Mike Pence skal ha takka nei til å delta under årets CPAC, i seg sjølv oppsiktsvekkjande sidan han tilhøyrer den kristne høgresida i partiet.

Tidlegare FN-ambassadør Nikki Haley har òg avslått invitasjonen, medan tidlegare presidentkandidat Mitt Romney har fått beskjed om at han ikkje er velkommen.

Republikanaranes mindretalsleiar i Senatet, Mitch McConnell, er ikkje inviterte. Han stemde rett nok for å frifinne Trump under riksrettssaka, men hudfletta samtidig den tidlegare presidenten og gav han skulda for kongresstorminga 6. januar.

– Sjølv med blødande politibetjentar og knust glas på senatsgolvet, heldt han fram med å hevde at valet var stole, sa McConnell.

– Mitch er ein stri, sur og gravalvorleg politisk klovn, og dersom republikanske senatorar blir verande ved han, vil dei aldri vinne igjen, lydde svaret frå Trump.

Moglege utfordrarar

Fleire framståande republikanarar, som ber på eit håp om ein dag å kunne flytte inn i Det kvite hus, skal halde talar under CPAC, blant dei tidlegare utanriksminister Mike Pompeo.

Guvernøren i Sør-Dakota, Kristi Noem, og senator Josh Hawley blir òg av enkelte trekt fram som moglege presidentemne, men dei har førebels lite å stille opp med mot Trump.

Texas-senator Ted Cruz har òg truleg ambisjonar, men har førebels valt å opptre som ein av Trumps fremste støttespelarar.

Cruz er elles i hardt vêr etter å ha forlate eit delvis straumlaust og uvêrsramma Texas nyleg, for å feriere i Cancún i Mexico.

Splitta parti

Sentrale leiarar i partiet, som kongressrepresentanten Liz Cheney, dottera til tidlegare visepresident Dick Cheney, meiner republikanarane bør vende ryggen til Trump.

– Etter det som skjedde 6. januar, synest eg ikkje at han bør spele noka framtidig rolle, verken i partiet eller landet, sa ho denne veka.

Cheney var éin av ti republikanarar som stemde for å stille Trump for riksrett i Representanthuset, men har ifølgje meiningsmålingar relativt få republikanske veljarar i ryggen.

Konspirasjonsteoriar

Målingane viser derimot at mange republikanske veljarar sver til konspirasjonsteoriar og avviser alle kritikkar av Trump.

76 prosent av dei er framleis overtydde om at Joe Biden vann valet som følgje av omfattande juks, viste ei måling i byrjinga av februar.

58 prosent av dei som røysta på Trump, hevdar ifølgje ei anna måling at det var venstreradikale Antifa-tilhengjarar som organiserte storminga av kongressen, medan eit fåtal av tilhengjarane til presidenten berre vart lokka med.

Målingar som dette er ein klar peikepinn på kvar grasrota i Det republikanske partiet for tida står og på kven dei ser som sin store heilt.


(©NPK)