Israel utvidar det topphemmelege atomanlegget sitt

Israel har starta eit større byggjeprosjekt ved anlegget som er sentralt det topphemmelege atomvåpenprogrammet i landet.
utenriks

Byggjeprosjektet er på storleik med ein fotballbane og ligg få meter frå det aldrande atomkraftverket utanfor Dimona i Negev-ørkenen, viser satellittbilete.

Det vart først oppdaga av International Panel on Fissile Materials ved Princeton-universitetet i USA, som kallar det «ein betydeleg ny konstruksjon».

Dimona-anlegget inneheld frå før store underjordiske laboratorium som vinn att atombrensel til bruk i Israels atomvåpenprogram.

Det er ikkje kjent kva det nye anlegget skal brukast til, og den israelske regjeringa har ikkje vilja svare på spørsmål om det.

Aldri offisielt stadfesta

Israel har aldri offisielt stadfesta at landet har atomvåpen, men det har vore kjent lenge.

Noreg selde i 1959 i all løyndom 20 tonn tungtvatn til bruk i den franskbygde atomreaktoren i Dimona-anlegget, ein avtale som først vart avdekt av forskaren Sverre Lodgaard 30 år seinare.

Salet fann stad trass i mistanke om at atomreaktoren var eit dekke for å utvikle atomvåpen, noko amerikansk etterretning konkluderte med alt i 1961. Israelske styresmakter hevda på si side lenge at Dimona-anlegget var ein tekstilfabrikk.

For å sikre seg amerikansk militærhjelp, mellom anna kampfly, lova Israel på slutten av 1960-talet at dei «ikkje vil vere dei første til å introdusere atomvåpen i Midtausten», ei formulering israelske leiarar har brukt i alle år sidan.

Peres innrømde

Amerikanarane valde først å tolke dette som om Israel ikkje ville vere dei første til å skaffe atomvåpen, medan israelske styresmakter meiner at dei ikkje vil vere dei første til å bruke slike våpen i Midtausten.

Tidlegare statsminister og president Shimon Peres var sentral i oppbygginga av det israelske atomvåpenprogrammet og innrømde i 1998 langt på veg at landet har atomvåpen.

– Vi har bygd opp ei atommoglegheit, ikkje for å få eit Hiroshima, men for å få eit Oslo, sa han med tilvising til den japanske byen der USA slapp den første atombomba i verda under andre verdskrigen, og den såkalla Oslo-avtalen mellom Israel og palestinarane.

Vanunu

Etter at den israelske atomteknikaren Mordechai Vanunu fortalde The Sunday Times om det israelske atomvåpenprogrammet tolv år tidlegare, har det aldri herska tvil om at Israel har atomvåpen.

Vanunu vart seinare kidnappa av israelsk etterretning i London og smugla tilbake til Israel, der han vart dømd til 18 år i fengsel. Han vart lauslaten i 2014, men blir framleis nekta å forlate Israel og snakke med journalistar.

Ekspertar anslår i dag at landet har minst 90 kjernefysiske stridshovud i arsenalet sitt, og dessutan høgopprikt materiale til ytterlegare 200.

Israel, som aldri har slutta seg til ikkjespreiingsavtalen for atomvåpen (NPT), har òg missil og bomber som kan utstyrast med slike stridshovud, og dessutan fly og ubåtar som kan levere dei.

Ikkje dei første

Israels statsminister Benjamin Netanyahu skuldar rett som det er Iran for å vilje utvikle atomvåpen, men har trass i internasjonale krav aldri sleppt inspektørar frå Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) inn på dei israelske anlegga.

Iran kallar bekymringa i verdssamfunnet for at Iran skal utvikle atomvåpen, noko landet held fast på at dei ikkje aktar å gjere, for hykleri, all den tid Israel nektar å spele med opne kort om atomvåpena sine.

– Israel må leggje korta på bordet og seie kva som går føre seg på det hemmelege atomvåpenanlegget dei har, seier Daryl G. Kimball, som leier Arms Control Association i Washington.

Gammal reaktor

Ekspertar er uvisse på kva utvidinga av Dimona-anlegget inneber, men ser ikkje bort frå at ho kjem av bekymring over tryggleiken ved den snart 60 år gamle tungtvassreaktoren.

Innbyggjarane i byen Dimona har tidlegare fått tildelt jodtablettar til bruk ved eventuelle radioaktive utslepp frå anlegget.

– Eg trur den israelske regjeringa er oppteken av å halde oppe atomkapasiteten i landet, seier Avner Cohen, som er professor i nedrustingsstudium ved Middlebury Institute of International Studies at Monterey i Vermont i USA.

Oppgradere stridshovud

– Dersom det verkeleg nærmar seg stenging av Dimona-reaktoren, noko eg trur er tilfelle, må ein forvente at Israel vil sørgje for at somme funksjonar ved reaktoren vil bli erstatta, seier Cohen, som har skrive fleire bøker om det israelske atomvåpenprogrammet.

Kimball trur Israel ønskjer å produsere meir tritium, eit radioaktivt biprodukt med relativt kort halveringstid, som kan nyttast for å auke sprengkrafta i kjernefysiske stridshovud.

Landet ønskjer kanskje òg meir plutonium «for å kunne byte ut eller forlenge levetida til stridshovud som alt er å finne i det israelske atomarsenalet», seier han.

Overraska

Valerie Lincy, som leier Wisconsin Project on Nuclear Arms Control i Washington, er overraska over at Israel så ope har starta utviding av Dimona-anlegget.

– Her snakkar vi om eit land som er godt kjent med kva satellittar kan ta bilete av, og med korleis atomanlegg blir overvakte, seier Lincy.

– I Israel finst det berre eitt slikt atomanlegg å overvake, så ein skulle tru at alt dei ønskjer å halde under radaren, går under radaren, seier ho.

– Dersom du er Israel og skal gjennomføre eit større byggjeprosjekt ved Dimona, så vil det tiltrekkje merksemd. Sannsynlegvis er det òg då du vil rope høgast opp om iranarane, seier professor Jeffrey Lewis ved Middlebury Institute of International Studies at Monterey.




(©NPK)