Det kvite hus seier at Syria-angrepet sende ein klar beskjed

President Joe Biden har med USAs angrep i Syria sendt ein klar beskjed om at han vil handle for å verne amerikanarar, melder Det kvite hus i ei fråsegn.
utenriks

Angrepa natt til fredag ramma tre lastebilar med ammunisjon og tok livet av minst 22 iranskstøtta krigarar, ifølgje eksilgruppa Syrian Obseratory for Human Rights.

– Operasjonen sender ein klar bodskap om at han kjem til å handle for å verne amerikanarar, og når det kjem farar, har han rett til å handle når og korleis han vil, seier pressesekretær i Det kvite hus, Jen Psaki, i ei fråsegn.

Flyangrepa skjedde nær grensa mot Irak. Pentagon kallar operasjonen ei gjengjelding for eit rakettangrep i Irak tidlegare denne månaden.

(©NPK)