Biden langar ut mot Russlands annektering av Krimhalvøya

USAs president Joe Biden seier at han aldri kjem til å akseptere den russiske annekteringa av Krimhalvøya, som ifølgje folkeretten er ukrainsk territorium.
utenriks

Annekteringa skjedde for sju år sidan etter at massedemonstrasjonar førte til at ein meir vestleg-orientert regjeringa tok makta i Kiev. Samtidig braut det ut borgarkrig mellom ukrainske regjeringsstyrkar og russiskstøtta separatistar aust i Ukraina.

– USA anerkjenner ikkje og vil aldri anerkjenne Russlands påståtte annektering av halvøya, og vi vil stå side om side med Ukraina mot Russlands aggressive handlingar, sa Biden då han fredag markerte at det er sju år sidan russiske styrkar invaderte Krimhalvøya.

– På denne dystre årsdagen stadfestar vi den enkle sanninga: Krim er Ukraina, la Biden til.

(©NPK)