Region i Nord-Italia tryglar om fleire vaksinar

Regionen Lombardia nord i Italia ber regjeringa i Roma om å sende fleire vaksinar for å demme opp for ein kraftig smitteauke i provinsen Brescia.
utenriks

Lombardia var for eitt år sidan området der det europeiske koronautbrotet starta. No er smitten igjen kraftig stigande, mellom anna som følgje av fleire utbrot med den meir smittsame muterte virusvarianten som først vart påvist i Storbritannia.

Brescia har rundt 1,2 millionar innbyggjarar, og har i februar opplevd at talet på nye smittetilfelle har gått frå rundt 400–500 per dag til 901 tilfelle onsdag denne veka. Også talet på koronainnleggingar på sjukehusa stig kraftig.

Guvernøren til regionen Attilio Fontanta seier at han torsdag ringde helseministeren i landet og gav beskjed om at det trengst umiddelbare leveransar av vaksinar.

Lombardia er den mest folkerike regionen i Italia, med Milano som største by. Brescia ligg aust for Milano og er regionens nest største by.

Regionen har sett i verk nye restriksjonar og endra vaksinestrategi slik at alle tilgjengelege vaksinar blir brukte i Brescia og byar i Bergamo. Målet er å vaksinere så mange som mogleg så fort som mogleg i dei hardast ramma områda.

(©NPK)