Jennifer Granholm blir USAs nye energiminister

Senatet har godkjent norskætta Jennifer Granholm som USAs nye energiminister.
utenriks

62 år gamle Granholm, som tidlegare har vore guvernør i Michigan, vart godkjent med 64 mot 35 stemmer i ei avstemming i Senatet torsdag.

Ho får ei viktig oppgåve med å få sett ut i liv planane til president Joe Biden om å gjere USAs økonomi grønare. Ho ønskjer å fremje bruken av grøn energi og har òg planar om å auke produksjonen av elbilar og elbil-batteri, som kan erstatte tapte arbeidsplassar i bilindustrien i heimfylket Michigan.

Granholm har skandinaviske anar, farmora hennar var norsk og farfar svensk.

(©NPK)