Venezuela ber EUs ambassadør forlate landet innan 72 timar

Venezuela utviser EUs ambassadør som følgje av at Brussel innførte nye sanksjonar mot 19 venezuelanske tenestemenn.
utenriks

EUs utanriksministrar vart måndag samde om å sanksjonere ytterlegare 19 venezuelanarar som blir skulda for menneskerettsovergrep og for å undergrave demokratiet. Dermed er totalt 55 medlemmer av Maduros regime gjenstand for EU-sanksjonar i form av sperring av kontoar og reiseforbod.

– I dag vedtok president Nicolás Maduro å erklære Isabel Brilhante som persona non grata, seier utanriksminister Jorge Arreaza onsdag.

Venezuelas nasjonalforsamling bad dagen før regjeringa utvise EU-ambassadør Pedrosa.

Nasjonalforsamlinga er kontrollert av president Nicolas Maduros' parti.

EU innførte dei nye sanksjonane etter å ha avvist valet i desember som gav Maduro total kontroll over parlamentet etter ein boikott frå opposisjonen. Valresultatet er verken anerkjent av EU eller USA.

Blant dei som er pålagt sanksjonar, er to medlemmer av nasjonalforsamlinga, guvernøren i delstaten Zulia, leiaren for dei væpna styrkane og tre medlemmer av Venezuelas valråd.

Arrazea beskriv dei europeiske tiltaka som ulovlege.

– Forhåpentleg vil det bli refleksjon i EU, forhåpentleg vil vi vere i stand til å byggje bruer av forståing, av dialog, forhåpentleg vil dei lære seg å respektere, seier utanriksministeren.

Etter EUs førre sanksjonsrunde i fjor fekk Brilhante Pedrosa òg beskjed om å komme seg ut av landet innan 72 timar. Då fristen gjekk ut, trekte regjeringa kravet.

(©NPK)