Russland aukar bøter for demonstrantar

Etter store demonstrasjonar i Russland aukar styresmaktene bøtene for demonstrantar som motset seg politiet.
utenriks

Demonstrantar som blir dømde for å ha motsett seg politiet gjentekne gonger, kan no bli bøtelagt med opp til 20.000 rublar, noko som svarer til rundt 2.300 norske kroner. Tidlegare var det 15.000 rublar som gjaldt.

Dei som blir dømde for same lovbrot for første gong, kan no bli bøtelagt med mellom 2.000 og 4.000 rublar, som svarer til mellom 230 og 460 norske kroner. Før det nye vedtaket vart innført, var beløpet på opptil 1.000 rublar.

Viss ein blir dømt skuldig i å ha brote regelverk knytt til pengeinnsamling til offentlege arrangement, risikerer ein å bli bøtelagd med 20.000 rublar.

Sosiale medium-gigantar som Facebook og Twitter kan no òg bøteleggjast med over 100.000 kroner viss dei hindrar utviklinga av eit «suverent internett» i Russland.

I 2019 vart det vedteke å gå inn for utviklinga av eit «suverent internett», som skal isolere Russlands internett frå resten av nettet. Aktivistar har frykta at dette kan stramme inn kontrollen til regjeringa over ytringsfridommen.

Tusenvis har dei siste vekene demonstrert i Russland etter at opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj vart arrestert då han returnerte til landet i januar.

(©NPK)