WFP kan bli tvinga til å innstille i Nord-Korea

Strenge koronatiltak kan tvinge FNs matvareprogram (WFP) til å innstille arbeidet i Nord-Korea, der det er kronisk matmangel og mange underernærte.
utenriks

WFP bidreg i dag med matvarehjelp til rundt 1 million gravide, småbarnsmødrer og småbarn i Nord-Korea, men dette kan måtte innstillast.

Landet, som er gjenstand for omfattande internasjonale sanksjonar som følgje av atomvåpen- og missilprogrammet sitt, stengde for over eitt år sidan grensene for å halde koronaviruset ute.

– Import av mat, forflytting av internasjonalt tilsette og tilgang til fysisk overvaking er avgrensa i lang tid framover, konstaterer WFP.

– Dersom det ikkje blir mogleg med matvareimport, vil operasjonen måtte avviklast i 2021, slår dei fast.

(©NPK)