USAs nye FN-ambassadør godkjent av Senatet

Joe Bidens kandidat til å bli USAs nye FN-ambassadør, Linda Thomas-Greenfield, har vorte godkjent av Senatet.
utenriks

Utnemninga av Thomas-Greenfield blir sett på som nok eit signal på at Biden ønskjer å knyte USA tettare til verdssamfunnet igjen. Ho vart godkjend med 78 mot 20 stemmer.

Republikanarane som stemde imot, har uttrykt at dei meiner ho har vore for svak overfor Kina, og ikkje vil stå opp for USAs interesser i FN.

Thomas-Greenfield er ein diplomatisk veteran med 35 års fartstid i USAs utanriksteneste, før ho trekte seg frå administrasjonen til president Donald Trump.

(©NPK)