Svensk koronastøtte blir utvida – frykt for ei tredje bølgje

Koronastøtta til svensk næringsliv blir utvida til å gjelde lønnskostnader. Situasjonen er alvorleg, og det er fare for ei ny bølgje, seier finansministeren.
utenriks

– Vi kjem til å auke takten for å redde svenske arbeidsplassar under krisa, seier finansminister Magdalena Andersson på eit pressemøte tysdag.

– Det er svært stor risiko for ei tredje bølgje, og vi har ein svært alvorleg situasjon i arbeidsmarknaden, seier ho.

Ei rekkje støtteordningar er innførte for å hjelpe kriseramma bedrifter med å unngå oppseiingar. Hjelpa inkluderer moglegheit for korttidspermisjon, forseinka skatteinnbetaling, lån garantert av staten og støtte til å dekkje inntektstap.

(©NPK)