Skodespelaren Gérard Depardieu sikta for valdtekt igjen

Den franske skodespelarlegenda Gérard Depardieu er på nytt sikta i valdtektssaka mot han som vart lagt bort i 2019.
utenriks

Ein skodespelar i 20-åra skuldar Depardieu for å ha valdteke henne i 2018. Saka vart lagd bort på grunn av manglande bevis i 2019, men etterforskinga vart teken opp att i desember.

No er det igjen teke ut sikting mot 72-åringen, opplyser kjelder i rettsvesenet til AFP.

(©NPK)