Yuli Edelstein skriv på Twitter at 4,46 millionar menneske i landet har fått den første dosen, medan drygt 3 millionar har fått den andre dosen òg.
Samtidig åtvarar ministeren mot massesmitte i den kommande jødiske høgtida purim. Då er det vanleg at barn og vaksne kjem saman til store festar der dei kler seg ut. I fjor kom det eit stort smitteutbrot etter høgtida, og styresmaktene er bekymra for at del vil skje igjen.
– Vi vil jobbe for å få på plass eit nattleg portforbod og redusere kollektivtrafikken drastisk under purim, seier Edelstein.
(©NPK)