Prins Philip har ein infeksjon – blir liggjande på sjukehus

Den britiske prinsen Philip (99), ektemannen til dronning Elizabeth, er ramma av ein infeksjon og blir liggjande på sjukehus i fleire dagar, varslar slottet.
utenriks

Prins Philip vart innlagd på sjukehus i London førre tysdag. Slottet ville først ikkje seie anna enn at han ikkje var koronasmitta, men går no ut med at han har ein infeksjon. Kva slags infeksjon det er, er ikkje kjend.

– Hertugen av Edinburgh blir liggjande på King Edward VII Hospital der han får behandling for ein infeksjon. Han er komfortabel og reagerer godt på behandlinga, men det er ikkje venta at han kan forlate sjukehuset på fleire dagar, seier Buckingham Palace tysdag.

Prinsen fekk i helga besøk av sin eldste son, prins Charles, som er først i arverekkja til å overta den britiske trona.

(©NPK)