Milits nektar for drap på ambassadør

Hutumilitsen FDLR nektar for å stå bak angrepet som kosta Italias ambassadør i Kongo, Luca Attanasio, livet måndag.
utenriks

Regjeringa i Kongo skuldar FDLR for å stå bak angrepet mot ein naudhjelpskolonne frå FNs matvareprogram (WFP), der også Attanasios italienske livvakt og kongolesiske sjåfør vart drepne.

FDLR vart oppretta i Aust-Kongo i 2000 av hutuar frå Rwandas tidlegare regjeringshær og Interhamwe-milits som seks år tidlegare stod bak folkemordet på rundt 800.000 menneske i Rwanda, i hovudsak frå tutsi-minoriteten.

Militsen har i alle år sidan spreidd terror i Aust-Kongo og blir skulda for drap, massevaldtekter og andre overgrep mot sivilbefolkninga.

Skuldar regjeringsstyrkar

I ei kunngjering nektar militsen for at det var dei som angrep WFP-kolonnen nord for Goma i Aust-Kongo, men skuldar kongolesiske og rwandiske regjeringsstyrkar som skal ha hatt stillingar i området.

– Ansvaret for dette foraktelege drapet kan vere å finne i rekkjene til desse to styrkane og støttespelarane deira som har danna ein unaturleg allianse for å kunne halde fram plyndringa av Aust-Kongo, heiter det.

FDLR ber vidare FNs fredsbevarande styrke i Aust-Kongo (Monusco) bidra til å kaste lys over drapa i staden for å komme med forhasta skuldingar.

Krev gransking

FNs generalsekretær António Guterres bad måndag kongolesiske styresmakter etterforske det han kallar «eit avskyeleg angrep på FN».

Tysdag opplyste Kongos president Felix Tshisekedi at det var sendt etterforskarar til Nord-Kivu-provinsen, både for å finne dei ansvarlege og for å leite etter tre andre som vart bortført under angrepet.

Begge delar kan likevel bli svært vanskeleg i det lovlause området.

Mange militsgrupper

Over 100 store og små opprørsgrupper og militsar er aktive i Aust-Kongo, der dei mellom anna kjempar om mineral og andre naturressursar.

WFP-kolonnen vart angripen i den store Virunga-nasjonalparken, som ligg i grenseområdet mot Uganda og Rwanda og er berømt for gorillaene sine.

Nærare 200 parkvaktarar er drepne i nasjonalparken dei siste 20 åra. I november i fjor vart over 30 menneske drepne i det lokale styresmakter kalla ei masseavretting av sivile i området. Ei ytterleggåande ugandisk islamistgruppe blir skulda for å ha stått bak.


(©NPK)