Malaysia returnerer likevel migrantar til Myanmar

Malaysias planar om å returnere 1.200 migrantar til Myanmar vart først stansa av ei rettsavgjerd. No har likevel migrantane vorte returnerte.
utenriks

Det opplyser malaysiske migrasjonsstyresmakter.

Styresmaktene i Malaysia har vorte kritiserte for planane om å sende migrantane tilbake til Myanmar trass i militærkuppet der.

Migrantane var tysdag allereie frakta til ein marinebase der dei skulle om bord på tre skip som skulle føre dei tilbake til heimlandet. Så kom rettsavgjerda som stansa utsendinga.

Grunngivinga var at dei trong tid til å vurdere innvendingar frå to menneskerettsgrupper. No har altså returen likevel vorte gjennomført, trass i rettsavgjerda.

Blant dei 1.200 skal det vere mindreårige, asylsøkjarar og medlemmer av sårbare minoritetsgrupper. Det skal ikkje vere nokon medlemmer av den forfølgde muslimske minoritetsgruppa rohingyaene.

(©NPK)