Journalist fekk koronavaksine først i Afghanistan

Journalisten Anisa Shaheed vart tysdag den første til å få koronavaksine i Afghanistan, eit land med rundt 38 millionar innbyggjarar.
utenriks

Sprøyta vart sett under ein seremoni der president Ashraf Ghani understreka viktigheita av ei fri presse.

– Landets stemmer for fridom, likestilling og nasjonal suverenitet vil aldri bli knebla, sa Ghani, med tilvising til dei mange journalistane og menneskerettsforkjemparane som er drepne i landet dei siste åra.

Anisa Shaheed jobbar for TV-stasjonen TOLOnews, er kjend som ein uredd gravejournalist og vart seinast i fjor hylla av journalistorganisasjonen Reporterar utan grenser (RSF), mellom anna for den kritiske dekninga si av dei afghanske styresmaktene si handtering av pandemien.

Etter at Shaheed hadde fått vaksinen, stod ein lege og to medlemmer av tryggingsstyrkane i landet for tur. Medan tryggingsstyrkane kjempar mot terrortrusselen, kjempar helsearbeidarane mot koronapandemien, sa Ghani.

– Eg har gitt ordre om at det skal reisast eit monument med namna på alle dei legane og sjukepleiarane som har mista livet, sa presidenten.

Afghanistan fekk nyleg 500.000 dosar med AstraZeneca-vaksine frå India, og helsearbeidarane i landet står først i køen til å bli vaksinerte.

Drygt 55.000 har til no fått påvist koronasmitte i Afghanistan, og viruset har ifølgje offisielle tal til no kravd nærare 2.500 liv. Mørketala blir likevel rekna for å vere store.

(©NPK)