Halvparten av asylsøkjarar i Tyskland manglar ID

Berre rundt halvparten av vaksne asylsøkjarar i Tyskland kan vise fram identifikasjonspapir med namn, nasjonalitet eller fødselsdato, ifølgje styresmaktene.
utenriks

– Det at annankvar søkjar ikkje kan stadfeste identiteten sin med nødvendige dokument, utgjer ei stor utfordring for asylsystemet vårt, seier Linda Teuteberg i opposisjonspartiet Fridemokratane FDP.

Tala kjem etter at FDP nyleg sende eit krav til innanriksdepartementet om å gjere greie for detaljane rundt situasjonen.

I fjor søkte over 100.000 personar om asyl i Tyskland, inkludert 26.000 søknadar for spedbarn fødd i Tyskland. Tala var langt lågare enn normalt, noko som er naturleg grunna koronapandemien.

(©NPK)