Høgare britisk arbeidsløyse på tampen av koronaåret

Arbeidsløysa i Storbritannia gjekk opp på slutten av fjoråret og landa på 5,1 prosent i siste kvartal.
utenriks

Arbeidsløysa var dermed 1,3 prosentpoeng høgare enn i same periode året før og 0,4 prosent høgare enn i det førre kvartalet, opplyser statistikkbyrået ONS.

Analytikarar trur arbeidsløysa vil stige markant når dagens permisjonsordning blir avslutta, truleg allereie i april. For tida dekkjer staten mesteparten av lønna til millionar av tilsette i privat sektor.

Finansminister Rishi Sunak har antyda at det kan komme meir sysselsetjingsstøtte i månadene som kjem.

(©NPK)