Danmark: – Avgjerande med koronatesting to gonger i veka

Å koronateste folk to gonger i veka blir avgjerande for den planlagde gjenopninga i Danmark, meiner justisministeren i landet.
utenriks

Justisminister Nick Hækkerup uttalte seg tysdag igjen om den planlagde omfattande testinga i Danmark.

Tidlegare denne månaden varsla regjeringa at delar av befolkninga må førebu seg på å bli testa to gonger i veka. Dette skal gjere det mogleg å trappe ned smitteverntiltaka og gradvis gjenopne det danske samfunnet.

Hækkerup erkjenner at gjenopninga vil føre til fleire sjukehusinnleggingar og at det derfor ikkje er noka enkel avgjerd å ta.

(©NPK)