Obama og Springsteen har laga Spotify-podkast

USAs tidlegare president Barack Obama og rockestjerna Bruce Springsteen lagar podkast i åtte delar for Spotify.
utenriks

I serien «Renegades: Born in the USA» kjem Obama og Springsteen til å snakke om tema som etnisitet, farskap, ekteskap og situasjonen i det amerikanske samfunnet.

Det opplyser Spotify i samarbeid med Barack og Michelle Obamas produksjonsselskap Higher Ground måndag.

Vennskapen mellom Obama og Springsteen er tidlegare veldokumentert. Sistnemnde avla fleire besøk i Det kvite hus då ekteparet Obama heldt til der. Han spelte òg på innsettingsseremonien til den dåverande presidenten.

Dei første episodane kjem på strøymetenesta måndag.

(©NPK)