Svensk politi: Kan ikkje vakte alle grenseovergangar

Politi i Sverige seier det kjem til å bli svært vanskeleg å handheve innreiseforbodet til regjeringa frå Noreg som tredde i kraft ved midnatt natt til måndag.
utenriks

Grensa mellom Noreg og Sverige er om lag 1.600 kilometer, og det er umogleg å ha full kontroll, meiner sjefen for det svenske grensepolitiet.

– Det er vår lengste landegrense. Ho har vore open i fleire hundre år. Det er naturlegvis ikkje mogleg med kontrolltiltak for å stoppe all trafikk over denne grensa, seier Patrik Engström til Sveriges Radio Ekot.

Politiet jobbar no med å få oversikt over alle innreisevegar langs grensa. Forutan større vegar finst det mindre vegar og ei rekkje skuterspor, ifølgje Engström.

Han seier grensestenginga fram til 14. februar er den største oppgåva han har stått overfor.

– Det er eksepsjonelt. Det er første gong sidan andre verdskrigen at vi innfører grensekontroll og grenseovervaking mot Noreg.

Engström seier politiet håpar på bistand frå andre etatar, som Kystvakta og Tolletaten, til å gjere jobben.

Det er venta at trafikken til Sverige minkar kraftig måndag, og Engström håpar dei kan dekkje dei fleste grenseovergangar ved å patruljere grensa.

(©NPK)