Taiwans president møtte USAs FN-ambassadør

Demokrati, samarbeid og deltaking i internasjonale forum var tema då Taiwans president Tsai Ing-wen og USAs FN-ambassadør Kelly Craft heldt videomøte torsdag.
utenriks

Partane diskuterte mellom anna Taiwans deltaking i internasjonale organ, styrking av samarbeidet mellom Taiwan og USA, kjerneprinsipp i demokrati og utdanningsutveksling. Det opplyste den taiwanske talspersonen til presidenten Xavier Chang etter videokonferansen.

– Vi diskuterte dei mange måtane som Taiwan er ein modell for verda på, slik Taiwan har vist med suksessen sin i kampen mot covid-19, og alt som Taiwan har å tilby på område som helse, teknologi og vitskap, skreiv Craft på Twitter etterpå.

– Dessverre kan ikkje Taiwan dele desse suksessane på FNs arenaer som mellom anna Verdshelseorganisasjonen (WHO), som følgje av hindera Folkerepublikken Kina skapar, skreiv ho vidare.

Craft planla å møte Taiwans president ansikt til ansikt, eit møte som vart kraftig kritisert av Kina sidan Kina ser på Taiwan som ein del av territoriet til landet.

Det fysiske møtet vart avlyst dagen før videomøtet vart halde. Avgjerda blir sett i samanheng med at utanriksdepartementet i Washington har avlyst alle utanlandsbesøk på høgt nivå før Joe Biden overtek som president – noko som også førte til at utanriksminister Mike Pompeo avlyste eit besøk til Brussel denne veka.

(©NPK)