Sverige har passert 10.000 koronadødsfall – professor trur talet kan auke til 15.000

Sverige har passert 10.000 koronadødsfall. Ein professor i epidemiologi trur landet kan få opp mot 5.000 fleire dødsfall før pandemien er omme.
utenriks

Torsdag vart det registrert 351 nye koronarelaterte dødsfall i Sverige. Dermed er det samla talet 10.185 døde. Samtidig er det registrert 6.580 nye smittetilfelle i landet, og totalen er no oppe i 518.783 smitta.

Professor Joacim Rocklöv, som jobbar ved Umeå-universitetet, er slett ikkje overraska over dei høge dødstala og fryktar at talet kan auke til mellom 12.000 og 15.000.

– Det er ei høg spreiing. Mange blir smitta. Det har gått føre seg ei stund no og vil halde fram ei god stund til vaksinane gir meir effekt, seier han.

I fjor vår vart ein analyse av omsorgsbehov og dødsrate, støtta av mellom anna Rocklöv, mykje diskutert i Sverige. Eitt av scenarioa som vart presenterte, viste at talet på dødsfall kunne stige til så mykje som 40.000 dersom viruset vart sleppt fri i samfunnet.

– No er det ikkje eit realistisk scenario, fordi vi ikkje kjem til å tillate det. Men det viser kor viktig det er å gjere effektive tiltak for å stoppe smittespreiinga, seier han.

Tidobbelt av Noreg

Den tidlegare statsepidemiologen Annika Linde har gjennomført ein analyse av årsakene til det høge dødstalet. Ho peikar på to hovudgrunnar.

For det første hadde svenskane i startane av pandemien ein strategi der viruset vart sleppt fri i samfunnet. For det andre greidde ikkje svenskane å verne dei eldre i samfunnet godt nok. Over to tredelar av dei døydde i Sverige, totalt 6.876, var over 80 år.

– Det viste seg at vi ikkje var førebudde på dette, seier Linde, som meiner Sverige burde stengt ned landet så fort som mogleg då pandemien kom.

– Eg ser på den strategien som grunnlaget for at vi har fått mange fleire dødsfall enn i Noreg, Danmark og Finland, seier ho.

Sverige ligg på 26.-plass i verda over flest døde per 100.000 innbyggjarar, viser tal frå Johns Hopkins-universitetet. Sverige har 96,57 dødsfall per 100.000, meir enn ein ti gonger fleire enn Noreg (9,58).

Vaksine

Noverande statsepidemiolog Anders Tegnell kunne derimot ikkje førestille seg at tala skulle bli så høge som dei har vorte. Han forklarer det høge dødstalet med at covid-19 er ein farleg sjukdom, særleg for sjuke eldre.

– Om spreiinga er høg og ein ikkje har gode nok føresetnader for å hindre smitten frå å komme inn på sjukeheimane, er det vanskeleg å forhindre høge dødstal, seier Tegnell.

Han peikar på at landet no står overfor eit vendepunkt dersom dei får vaksinert dei som bur på sjukeheimar.

– Viss vi når dei neste vekene, noko eg trur vi kan, vil det endre utviklinga av talet på dødsfall drastisk allereie innan ein månad, seier Tegnell.


(©NPK)